Me har lenge prata om att me skal begynna på barnerommet, og søndag for ei veka sida fikk eg endelig ut sovesofaen som stod i veien på rommet. Og så begynte eg å uskyldig å riva bort den motorsykkeltapeten som var der. Og dermed så balla da på seg.
Min kjære handla isolasjon og takplater... Og dermed har rommet no eit flott isolert tak.
Så har me fått på underlagstapet?? på tre vegga og ein igjenstår.. Og har fått begynt å mala.
Tenkte egentlig kvitt rom, men da vart lyseblått, som viste seg å væra sterkare blått enn da me ba om på butikken.. men men..
Så igjenstår himmeltapet i øverste taket(ikkje i skråtaket) , og så få på lister, opp med sjablonger, mala skuvsenga og hylla , snekkra eit lite bord, få opp hyller og bildelister... og sy ei gardin med vindu i.. ordna gardiner.. jau.. teppe på golvet og leiker.. og så shoppa litt..
Har sett ei bobla på biltema til billig penge!!
Og har handla sjablonger på panduro med bobler, og skal kjøpa stoff der , med bobler.. I tillegg så får han eit speil med bobler, og ein stol med bobler.. og ei ramma med bobler.. hehe.. skal tidlig krøkast!! :-)
Glede meg sånn til me er ferdige... Skikkelig arti!! Då skal eg få ut noken bilder på bloggen her..
Fikk tak i leikekjøkken frå europris i dag, eg som trudde dei var utsolgt!! Kjempehappy!! :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar